
handle: 1956/16047
Denne oppgåva undersøker av førekomsten og framveksten av etiske omsyn blant investorar. Etikk vert forstått som ein ikkje-monetær norm, som i dag har fått eit stort nedslagsfelt gjennom konkrete strategiar og investeringspraksisar på den globale finansmarknaden. Oppgåva ser vidare på korleis slike omsyn vert innovert, spreidd, legitimert og potensielt svekkja, innanfor rammene av det som tradisjonelt har vore monetære og finansielt-orienterte aktivitetar. Undersøkingsobjektet er den norske offentlege investeringseiningen Statens pensjonsfond utland (SPU). SPU kan sjåast som eit særskilt unikt tilfelle i det varierte landskapet av eksisterande investortypar, både målt i pengeverdiar, men også i fondets bruk av etiske praksisar. Sett i samanheng med temaet har denne observasjonen munna ut i følgjande todelte problemstilling: Korleis har etikk vorte integrert i forvaltninga av Statens pensjonsfond utland? I kva grad har det skjedd ei desintegrering av etikk i forvaltninga av Statens pensjonsfond utland? Oppgåva gjev ei deskriptiv framstilling av fondets gradvise integrering av etikk, frå ei frårådande haldning dei fyrste åra, til ei særskilt tilrådande haldning til dei etablerte etiske praksisane dei siste åra. Analysen tilseier at oppfatninga av etikkens og dei etiske praksisanes kompleksitet har vore det viktigaste hinderet for spreiinga av etikk i fondsforvaltninga. Samstundes har etikk byrja å ta regelmessige former gjennom ei auka vektlegging av etikkens kompabilitet med eksisterande normer og målsetjingar innad i forvaltningsorgana. Avslutningsvis konkluderer oppgåva med at etiske omsyn ikkje ser ut til å vere svekkja i SPU, men heller tilnærma fullstendig integrert inn i fondsforvaltninga, om ein ser på utviklinga den seinare tida. Oppgåva vurderer også denne inkluderinga til å vere særskilt saktegåande, og at dette skuldast eigenskapar ved SPU sjølv, og den konteksten fondet har vorte forma innanfor. Såleis kan dette vere eit bidrag til å forstå noko av den unike plasseringa SPU no har fått blant dagens investorar.
731111, 330
731111, 330
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
