
handle: 11250/3209409
Denne studien handlar om korleis ein kan nytte seg av biletbøker i arbeidet med å utvikla elevar sin kritiske literacy. Problemstillinga i oppgåva er : «Korleis kan ein nytte seg av ulike biletbøker for å fremja kritisk literacy på første trinn?». Dei tre biletbøkene vart, etter ei biletbokanalyse for å sjå mogelegheitene for kritisk literacy som låg i dei: Johannes Jensen føler seg annerledes (Hovland, 2003), Gorm er en snill orm (Kuhn, 2013) og Reisen (Salinas, 2012). Det teoretiske kapittelet tar for seg kva kritisk literacy er, ulike teoriar rundt kritisk literacy i klasserommet og biletbokteori. Omgrepet kritisk literacy vert presentert og definert i starten av kapittelet, og her ser ein og på korleis ein kan sjå spor av omgrepet i skulen sine styringsdokument. Når det gjeld teoriar rundt kritisk literacy i klasserommet vert ulike forskarar si tilnærming presentert. Hilary Janks, Freebody & Luke sin «Four Roles Model» og Green sin “3D-modell” vert introdusert i tillegg til ein viktig artikkel skrive av Vasquez, Comber & Janks. Teorien knytt til biletbøker omhandlar ulike typar biletbøker, samspelet mellom tekst og bilete, utfordrande biletbøker og antropomorfe figurar. For å undersøka problemstillinga til denne masteroppgåva vart det valt ein variant av pedagogisk designforsking, der eg gjennomførte to syklusar. Syklusane består av design, evaluering og endring. Fyrst utvikla eg eit undervisningsopplegg til kvar biletbok basert på den presenterte teorien. Vidare testa eg ut opplegget i min eigen klasse. Deretter såg eg kva endringar som burde verta gjort, før ein annan lærar testa ut opplegga i ein annan klasse. Etter desse syklusane bestod datamaterialet mitt av observasjonar frå dei to klasseromma, elevsvar og intervju med læraren. Dette vart analysert ut frå fem analysekategoriar som vart laga ved hjelp av teorien. Ut frå analysen og diskusjonen viser det seg at dei tre undervisningsopplegga bidrog til at elevane fekk arbeidd med ulike delar av sin kritiske literacy. Bruken av desse tre biletbøkene, med det tilhøyrande undervisningsopplegget kunne altså fremja kritisk literacy på første trinn. Undervisningsopplegga fekk elevane til å reflektera, diskutera meiningsinnhald og handla kritisk. Likevel kunne ein ut frå resultata og analysen sjå at elevane sleit med å fylle tomromma i teksten, og sjå kor maktforholdet i teksten låg.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
