
handle: 11250/3204288
Studien undersøker fire lærarar sine erfaringar og refleksjonar rundt bruk av KI i norskfaget, og diskutere desse på ein kritisk måte. Formålet med studien er å få eit heilskapleg og realistisk bilde på korleis KI brukast i norskfaget. Gjennom undersøkinga blei det utført semistrukturerte intervju, på eit utval av totalt fire lærarar. Lærarane jobbar i ungdomsskole og i vidaregåande skole, og alle har tidlegare erfaring med å bruke KI i norskfaget. Intervjua blei i etterkant transkribert, og analysert etter manuell koding. Diskusjonen av analysen ser på bruk av KI som ein del av literacy-opplæringa i norskfaget, i lys av teori frå literacy og tilgangskompetanse. Vidare tar diskusjonen føre seg korleis hegemoni og tankesetta i norskfaget påverkast av KI, i lys av teori frå Gramsci og Bernstein. Resultatet av studien er nokre av faktorane som påverkar korleis lærarar integrerer KI i norskfaget, er elevane sitt nivå i faget og i kritisk tenking. Dette påverkar igjen kva for roller KI har i undervisninga, og i kva for arbeidsmetodar elevane bruker KI. Vidare er det eit manglande samsvar mellom bruk av KI i undervisninga og på eksamen, som gjer det utfordrande å integrere KI i norskfagleg undervisning.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
