
handle: 11250/2784619
Hovudføremålet med denne studien er å sjå på kva kriterium trenarar tar i betraktning i talentidentifiseringa av mannlege fotballspelarar i alderen 13-16. Studien vil også i nærare detalj sjå på korleis trenarane still seg til betydninga av mentalitet og den relative alderseffekten. Til slutt vil det bli sett på skilnadar mellom klubb og krins rundt talentidentifiseringsprosessane. Tolkinga og analysen er basert på semi-strukturerte intervju med seks mannlege trenarar i alderen 25-55. Trenarane var henta frå to forskjellige krinsar innan Noregs Fotballforbund, og dei var likt fordelt mellom forskjellige klubbakademi og krinslag. Resultat tyda på at trenarane såg på tekniske, taktiske og mentale faktorar som dei viktigaste i talentidentifiseringa. Dei såg også på fysiologiske og sosiologiske faktorar til ein viss grad, medan antropometriske mål var minst viktig av dei prestasjonsbestemmande faktorane i fotball. Med tanke på dei andre forskingsspørsmåla, var trenarane klar over den relative alderseffekten og konsekvensane av den, men dei fleste deltakarane hadde ingen spesifikke tiltak for å motverke effekten. Majoriteten såg også på mentale trekk og ferdigheiter som trenbare og mogleg å påverke, men trenarane vart delte i oppfatninga rundt akkurat kva trekk og eigenskapar her som var trenbare og ikkje. Trenarane frå krinslaga og klubblaga hadde stort sett like syn på talentidentifisering, og det verka til å vere eit godt samarbeid mellom desse rundt prosessane med å identifisere, selektere og utvikle spelarar. Trenarane i denne studien ser ut til å ha det som er karakterisert som ein holistisk tilnærming til talentidentifisering, ettersom resultata er i tråd med kva litteraturen på feltet framhev som potensielle prediktorar for framtidig prestasjon (Unnithan et al., 2012). Framtidig forsking bør undersøke meir om kva kriterium trenarar tar i betraktning i talentidentifisering, sidan det framleis er avgrensa forsking på området. Det er også eit behov for fleire longitudinelle studiar som ser på kjenneteikna på spelarane som når eit profesjonelt nivå i fotball.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
