
handle: 11250/2636972
ema for masteroppgåva er skriveopplæring. Bakgrunnen for prosjektet er eiga interesse og antydingar om manglande forsking på område. Forsking viser at det som oftast har vore mest fokus på leseopplæring, og difor håpar eg dette prosjektet kan vere eit bidrag for å berike forskinga om skriveopplæring. Spesielt har det vore manglande forsking rundt det å utforme skriveoppgåver. Difor er føremålet med studien å komme fram til nokre kjenneteikn på kva som kan karakteriserast som gode skriveoppgåver, og om eksamensrettleiingane, eksamensoppgåvene og skriveoppgåvene lærarane nyttar oppfyller desse krava. Studien nyttar kvalitativ tekstanalyse for å belyse problemstillinga, og det er eksamensrettleiingar, eksamensoppgåver og andre oppgåver frå skular brukt til tentamen og skrivedagar som er gjenstand for analyse. Som analysereiskap har det blitt brukt ei matrise beståande av kategoriar forankra i aktuell teori og forsking: skriveoppdrag, mottakar/publiseringskanal, føremål, tekstomgrep og kontekst. Funna frå dei ulike dokumenta har blitt samanlikna med kvarandre, og drøfta opp i lys av teori og tidlegare forsking på området. Analysen syner at det er noko forskjellar frå eksamensrettleiingane og praksis.
Master i læring og undervisning Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Innleveringsdato: 02. desember 2019
MAS3-307
Skriveopplæring, skriveoppgåver, gode skriveoppgåver, eksamensoppgåver
Skriveopplæring, skriveoppgåver, gode skriveoppgåver, eksamensoppgåver
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
