
handle: 10852/18262
Alternativ behandling, som healing, er på veg til å bli vedkjend som helsetilbod i samfunnet. Denne hovudoppgåva er skriven på bakgrunn av eit kursopplegg som del av ein godkjenningsprosess for healarar tilknytt Det Norske Healerforbundet. Hovudoppgåva bygg på, og omfattar, eit kurshefte som er utarbeidd for dette kurset, og problemstillinga som er reist i hovudoppgåva er korleis akademisk psykologisk kunnskap kan kome til bruk for å styrkje ei yrkesgruppe av alternative terapeutar som står på terskelen til å bli vedkjende som helse¬arbeidarar. Målet for kursopplegget er at det skal danne grunnlaget for utvikling av ein felles fagpraksis for dei alternative terapeutane. I oppdraget frå DNH er det er lagt vekt på å stimulere målgruppa til auka dialog og refleksjon på område klientkommunikasjon og etikk. Alternative terapeutar er eit virke på sida av etablert helseapparat og tradisjonell vitskapleg tenking. Derfor går eg tilbake til det vitskapsteoretiske grunnlaget for kunnskap generelt og psykologien spesielt og ser på perspektiv, uttrykksmåte og grenser for vitskap¬leg kunnskap. Eg kjem særleg inn på ”taus kunnskap ” og intuisjon, det uutseielege, som vanskeleg let seg gripe og studere vitskapleg. Eg argumenterar for at vi kan gripe dette indre, som er vesentleg for tilfrisking og utvikling, i møtet med mennesket, når møtet er prega av nærver, empati, aksept og forståing. Motsatt vil det å forstå og møte eit menneske på ein ”utvendig måte” gjere at vi misser det vesentlege, det som ber i seg endrings¬poten¬sialet. Då risikerer vi å redusere sjølvtilfriskinga framfor å styrkje den. Eg argumenterer vidare for verdien av fokus på klient og terapeutrolle framfor fokus på teknikk, og å oppnå læring av og i erfaring ved å gjere den tause kunnskapen medviten gjennom refleksjon og dialog. Terapi¬forsking viser at kvaliteten på terapirelasjonen er det som sikrast skapar utbytte for klienten. Dermed er terapeutisk haldning, etikk, empati, kommunikasjon og aktiv lytting viktige områder for utdanning av alternative terapeutar, tilrettelagt for aktiv deltaking med refleksjon og dialog. På bakgrunn av det kunnskapsteoretiske i del ein, val og tilrettelegging av psykologisk kunnskap ut frå forsking på psykoterapi, samt val av fokus og perspektiv i del to, viser eg i del tre løysinga mi på problemstillinga som er reist i oppgåva. Hovudoppgåva representerer både bruksforsking og grunnforsking.
330, VDP::260
330, VDP::260
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
