Powered by OpenAIRE graph
Found an issue? Give us feedback
image/svg+xml art designer at PLoS, modified by Wikipedia users Nina, Beao, JakobVoss, and AnonMoos Open Access logo, converted into svg, designed by PLoS. This version with transparent background. http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Open_Access_logo_PLoS_white.svg art designer at PLoS, modified by Wikipedia users Nina, Beao, JakobVoss, and AnonMoos http://www.plos.org/ Norwegian Open Resea...arrow_drop_down
image/svg+xml art designer at PLoS, modified by Wikipedia users Nina, Beao, JakobVoss, and AnonMoos Open Access logo, converted into svg, designed by PLoS. This version with transparent background. http://commons.wikimedia.org/wiki/File:Open_Access_logo_PLoS_white.svg art designer at PLoS, modified by Wikipedia users Nina, Beao, JakobVoss, and AnonMoos http://www.plos.org/

versions View all 2 versions
addClaim

Leseopplæring på yrkesfag - det toget har vel gått?

Authors: Asperanden, Edit Marie;

Leseopplæring på yrkesfag - det toget har vel gått?

Abstract

Hovudmålet med denne studien er å setje fokus på om lesestrategiar er formålstenlege verkty når elevane på yrkesfag skal lese og lære fagstoff. Utgangspunktet for studien er tilbakemeldingar frå elevar og kollegaer om at lesing ikkje gir forventa læringsutbyte, og forsking (PISA 2012) som viser at lesedugleiken hjå norske elevar ikkje har forbetra seg monaleg frå 2000 til 2012. Kunnskapsløftet (06) pålegg alle lærarar å vere leselærarar, og eg ynskte å setje fokus på om auka bruk av lesestrategiar kan vere motiverande for både elev og lærar, og nyttige verkty i leseopplæringa. For å nærme meg eit svar på påstanden Lesestrategiar motiverer til lesing, tok eg utgangspunkt i to problemstillingar: 1. Kva haldning har elevane til lesing? 2. Korleis opplever lærarane nytten av å bruke lesestrategiar?. Eg har forska i eige skulemiljø og brukt seks kollegaer ved avdeling for helse- og oppvekstfag som informantar. Studien starta med to fokusgruppeintervju der lærarane diskuterte kva erfaringar dei hadde i høve til elevane sin lesemotivasjon, og om dei trudde lesestrategiar ville vere formålstenlege verkty i leseopplæringa. Etter fokusgruppeintervjua følgde ein utprøvingsperiode, og erfaringane derifrå vart loggført og seinare diskutert i individuelle intervju. I intervjua kom det fram at leseaktivitetar var utfordrande både for elevane og lærarane. Elevane var, etter lærarane sitt syn, lite motiverte og engasjerte i leseaktivitetar, og lærarane opplevde ikkje seg sjølve som leselærarar. Alle lærarane hadde brukt lesestrategiar, men målet hadde vore å skape variasjon i undervisninga, og ikkje å drive leseopplæring. Fleire sa dei ikkje visste det var lesestrategiar dei hadde nytta. Etter utprøvingsperioden sa lærarane at dei sjølve vart meir aktive og deltakande i klasserommet. Dei meinte at lesestrategiane definerte oppgåvene og målsetjinga slik at det blei lettare å rettleie konkret og framoverretta både i klassen og individuelt. Dei opplevde ikkje å bruke lesestrategiar som eit meirarbeid, men heller som ein motivasjonsfaktor, og eit påfyll dei trengte etter lang tid i skulen. Tilbakemeldingane frå elevane hadde og vore svært positive, og alle lærarane trekte fram at elevaktiviteten hadde auka monaleg. Nokre av lærarane hadde testa elevane sin kunnskap i emne der dei hadde brukt lesestrategiar på nokre område og «tradisjonell» undervisning på andre. Resultata viste at kompetansen var høgast på dei områda der lærarane hadde nytta lesestrategiar. Dei presiserte likevel at dette måtte prøvast ut meir før ein konkluderte, og sa dei gledde seg til fortsetjinga. For å få bakgrunnskunnskap om lesing og leseopplæring har eg hovudsakleg nytta litteratur av Dagrun Skjelbred og hennar studiar om leseopplæring, Astrid Roe si forsking omkring PISA undersøkingane og lesedidaktikk etter fyrste leseopplæringa, Ivar Bråten sitt syn på tydinga av forkunnskapar, forståingsstrategiar og lesemotivasjon, Anne-Beathe Mortensen-Buan om kjenneteiknet på ein kompetent lesar og John Guthrie sin modell om kva faktorar som er viktige for leseutvikling.

Country
Norway
Related Organizations
Keywords

330, 711123

  • BIP!
    Impact byBIP!
    selected citations
    These citations are derived from selected sources.
    This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically).
    0
    popularity
    This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network.
    Average
    influence
    This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically).
    Average
    impulse
    This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network.
    Average
Powered by OpenAIRE graph
Found an issue? Give us feedback
selected citations
These citations are derived from selected sources.
This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically).
BIP!Citations provided by BIP!
popularity
This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network.
BIP!Popularity provided by BIP!
influence
This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically).
BIP!Influence provided by BIP!
impulse
This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network.
BIP!Impulse provided by BIP!
0
Average
Average
Average
Green
Related to Research communities