
handle: 11250/3213406
Berekraftig utvikling handlar om å løyse aktuelle og framtidige utfordringar som verda står ovanfor. I Kunnskapsløftet har berekraftig utvikling kome inn som eit sentralt og tverrfagleg tema på lik linje med demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring. Utdanning er dermed anerkjent som ein av måtane at verda skal imøtekome ei berekraftig framtid. Forskingsfeltet meiner at opplæringa må dermed sørgje for at skulen utviklar elevar som er faglege, emosjonelt og sosialt kompetente for å løyse desse problemstillingane. Dette gir grunnlaget for temaet og problemstillinga i masterprosjektet: Korleis underviser eit utval av samfunnsfagslærarar i ungdomsskulen for utdanning i berekraftig utvikling og kva berekraftskompetansar forsøker undervisninga å utvikle? Denne fenomenologiske studien vil undersøke korleis eit utval samfunnsfaglærarar underviser i berekraftig utvikling i relasjon til undervisningstradisjonar og berekraftsdimensjonar, og kva berekraftskompetansar undervisninga har som mål å utvikle. Arbeidet vil inkludere at lærarane reflekterer rundt det tverrfaglege omgrepet og undervisningstilnærmingar for berekraftig utvikling der dette inkluderer undervisningstradisjonar, utfordringar og potensiale. Masterprosjektet utforskar problemstillinga gjennom å observere undervisningsøkter og intervju med tre samfunnsfagslærarar i ungdomskulen. Datamaterialet blir drøfta i lys av teori og litteratur om berekraftig utvikling (BU) og utdanning for berekraftig utvikling (UBU). Forskingsarbeidet viste at utvalet av lærarane hadde intensjonar om å gjennomføre undervisning for berekraftig utvikling i tråd med ein pluralistisk undervisningstradisjon. Gjennom arbeid med problemstillingar var aktivitetane basert på autentiske og tverrfaglege berekraftsutfordringar, og at undervisningsmetodane gjorde relevante koplingar til dei andre tverrfaglege emna der dette kunne stimulere til demokratisk aktivisme, engasjement og implementering. Funna indikerte at lærarane klarte å inkludere fleire av dei åtte berekraftskompetansane i undervisning, men at det var eit større fokus på å utvikle kritisk tenking. Analysen signaliserte også at det var utfordringar og potensiale i gjennomføring av berekraftsundervisninga. Hos dette utvalet av samfunnsfagslærarar indikerte funna at undervisning for berekraftig utvikling har gjort steg i positiv retning og at lærarane kontinuerleg reflekterte rundt berekraftsundervisning når det gjelder innhald, metodar og perspektiv. Masterprosjektet viste derimot at det framleis eksisterer avgrensande faktorar for at undervisninga ikkje blir realisert
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, samfunnsfag. Høgskulen på Vestlandet
MGUSA550
bærekraft, bærekraftkompetanse, grunnskolelærerutdanning, samfunnsfag
bærekraft, bærekraftkompetanse, grunnskolelærerutdanning, samfunnsfag
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
