
handle: 11250/3212438
Bidraget til denne avhandlinga er å finne ut om samskaping kan bidra til innovasjon og utvikling av praksis, både for den diakonale entreprenøren og dei kommunale tenestene. I oppgåva nyttar eg eigen empiri for å svare på problemstillinga, og to forskingsspørsmål. Korleis kan diakonalt entreprenørskap i samskaping med kommunale tenester bidra til utvikling og endring av praksis? 1. Kva for rolle speler formålet/objektet i samskapinga? 2. På kva måte kan samskapinga bidra til utvikling av praksis hjå dei samskapande aktørane? Via eit etnografisk casestudie vert samskaping mellom ein diakonal entreprenør og to kommunale tenester analysert; ei flyktningeteneste og ein ungdomsskule. Arenaen for samskapinga er ein Kafé, der eg gjennom deltakande observasjon og semistrukturerte intervju ser på to ulike tiltak under eitt; språkpraksis og elevpraksis. Avhandlinga nyttar Yrjö Engeström (2001) sitt aktivitetssystem som analyseverktøy. Analysen tek for seg dei ulike elementa i aktivitetssystemet, og fokuserer spesielt på objekt/ formål i samskapinga, samt kva motsetnader som finns mellom objekt og verktøy i dei samskapande aktivitetssystema. Dette fordi at det er i motsetningane ein finn potensiale for innovasjon og utvikling. I intervjua kjem det fram at dei kommunale tenestene samskaper fordi rammer og institusjonelle logikkar gjer endring innad i deira eigne system vanskeleg. Dei kommunale tenestene nyttar med andre ord ikkje samskapinga som ein arena for utvikling og endring av praksis hjå seg sjølve. Det er difor eit hovudpoeng for denne avhandlinga å få fram at det ligg eit ikkje-utnytta potensiale i å bruke samskaping som ei kjelde til innovasjon. Konklusjonen bør motivere utviklingsorienterte kommunar til å samskape meir. Avhandlinga gjev eit verdifullt bidrag til forskingsfronten på samskaping i Noreg, sidan samskaping mellom ein diakonal entreprenør, ei bedrift, og kommunale tenester, har blitt lite forska på.
kommunale tjenester, samskaping, diakonalt entreprenørskap, VDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151
kommunale tjenester, samskaping, diakonalt entreprenørskap, VDP::Humaniora: 000::Teologi og religionsvitenskap: 150::Teologi: 151
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
