
handle: 11250/3208172
Denne masteroppgåva undersøker å sjå på korleis legar og jordmødre på Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus opplever mediadekninga av sin arbeidplass og korleis dei reflekterer over korleis denne påverkar deira arbeid. Bakgrunnen for problemstillinga er Grytten, Skau og Sørensen (2017) sin studie “The impact of the mass media on obstetricians' behavior in Norway”. Oppgåva prøver å ha eit blikk på den kvantitative forskinga gjort her, og gjennom dybdeintervju med fire helsepersonell og ein journalist få innsikt i korleis helsepersonell sine opplevingar kan være påverka av media. Hovudfunna i oppgåva viser at helsepersonell ved Kvinneklinikken opplever eit intenst medietrykk frå lokalpressa, og dei opplever at fokuset er på negative enkeltsaker. Dette kjem saman med ei oppleving av at fremstillinga er uffulstendig og einsidig, og ei oppleving av at dei ikkje kan fremme si meining grunna taushetsplikt. Sosiale media spiller også ei rolle på dette trykket, og dette har blitt ein ny kanal for pasientar å kommunisere med andre i liknande situasjon og kome med kritikk utan at den vert kvalitetsikra eller at nokon kjem med motsegn. Vidare viser studien at det er indikasjonar på at det kan finnast defensiv medisin som ei konsekvens av medietrykket. Dette sjølv om det spriker frå Grytten, Skau og Sørensen (2017) sin konklusjon om at dette vil vise igjen i tal på keisarsnitt. Studia viser og korleis det er eit tydeleg skille mellom korleis helsepersonell opplever mediekvardagen og korleis den blirr framstilt av journalisten i intervjuet. Samla konkluderer oppgåva med at det opplevde medietrykket kan skapa rom for refleksjon og meir kritisk tenkning av korleis ein arbeider, men det kan også være med på å skape eit miljø der ein istaden for å tenkje langsiktig kan velje løysingar som tenderer til defensiv medisin for å unngå at ein hamner i søkelyset. Dette kan i ytterste konsekvens ha effektar på helsevesenet ved at pasientar får dårlegare behandling og at helsepersonell vel å slutta i yrket fordi dei opplever trykket som for sterkt. Masteroppgave i medier og kommunikasjon MEVI350 MASV-MEVI
735116
735116
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
