
handle: 11250/3154404
Bakgrunnen for denne masteroppgåva er eit ønske frå dagens ungdommar om meir og betre seksualitetsundervisning i skulen. Samtidig har det vore eit auka fokus på seksualitet og mangfald i den nye læreplanen. Føremålet med oppgåva er å sjå på kva erfaringar ulike ungdomsskulelærarar har ved seksualitetsundervisning i samfunnsfag, og diskutere det opp mot relevant teori. For å undersøke dette har følgande problemstilling blitt stilt: «Korleis erfarer eit utval lærarar på ungdomstrinnet seksualitetsundervisning i samfunnsfag, og kva påverkar undervisninga?». For å svare på problemstillinga i denne studien har eg gjennomført fem kvalitative semi-strukturerte intervju. I den samanheng valde eg meg ut tre hovudtema for å kunne dekkje det problemstillinga spør etter; Kunnskapsløftet 2020 i relasjon til seksualitetsundervisning, heilskapleg seksualitetsundervisning, og seksualitetsundervisning som kontroversielt tema. Oppgåva byggjer dermed på teori frå fleire felt, deriblant heilskapleg seksualitetsundervisning, overgrep, kontroversielle tema og ubehagets pedagogikk. Tidlegare forsking har peikt på at dagens lærarar er ganske trygge på å undervise om seksualitet, men likevel saknar barn og unge ei meir heilskapleg seksualitetsundervisning. Kunnskapsløftet 2020 legg vekt på seksualitet som tema, blant anna i dei tre tverrfaglege temaa som skal gjennomsyre i alle fag. Funn i denne studien viser både likskapar og ulikskapar ved lærarane sine erfaringar knytt til seksualitetsundervisning i samfunnsfag. Det inneberer kunnskapar frå utdanning, tryggleik, undervisningsmetode, ressursar, mengde og kva tema dei vektlegg i undervisninga. Lærarane i undersøkinga kjenner seg trygg på å skulle undervise om seksualitet, til tross for utfordringar som kan oppstå i forkant, undervegs og etterkant. Studien er sett opp mot Marianne Støle-Nilsen sine fire tilnærmingar til seksualitetsundervisning, der funn i min studie viser at lærarane i mi forsking i hovudsak fokuserer på ei kjønn- og mangfaldstilnærming. Det betyr derimot ikkje at lærarane unngår å undervise om dei tre andre tilnærmingane; kriminalitets-, helse-, og danningstilnærminga. Vidare viser funna viktigheita av trygge lærarar som tør å ta opp vanskelegstilte tema. Det vil vere viktig at alle sider ved seksualitet blir tatt opp i undervisning, uavhengig av innhaldsfridommen som læreplanen kan gi
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, samfunnsfag. Høgskulen på Vestlandet
MGUSA550
grunnskolelærerutdanning, samfunnsfag, seksualitetsundervisning
grunnskolelærerutdanning, samfunnsfag, seksualitetsundervisning
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
