
handle: 11250/3095288
I informasjonssamfunnet vi lever i vert det stilt stadig høgare krav til å vurdere tekstar sjølvstendig. Å kunne forhalde seg kritisk til ulike avsendarar, bodskap og tekstar er viktig for å oppretthalde eit fungerande demokrati, der alle er aktive deltakarar i demokratiske samfunnsprosessar. I den nye læreplanen, LK20, vert både kritisk tenking og kritisk tilnærming til tekst sett på som viktige ferdigheiter. Samstundes aukar bruken av teknologi i skulen, og forsking viser at lærarar i større grad enn før må forhalde seg til både analoge og digitale læremiddel og læringsressursar. I denne avhandlinga har eg gjennomført ei læremiddelanalyse av tre digitale læremiddel som handlar om kjeldekritikk, falske nyheiter og konspirasjonsteoriar. Desse er utvikla av Tenk, Medietilsynet og Dembra. I problemstillinga mi ønskjer eg å undersøkje korleis desse læremidla kan bidra til å utvikle elevar sin kritiske literacy. For å gjennomføre analysen har eg støtta meg til Hilary Janks (2010) sin didaktiske modell for utvikling av kritisk literacy. Denne har fungert som eit analysereiskap. Modellen består av fire dimensjonar som er gjensidig avhengige av kvarandre for å skape eit fullverdig undervisningsopplegg: ‘makt’, ‘tilgang’, ‘mangfald’ og ‘design/redesign’. Hovudfunna i avhandlinga viser at læremidla i stor grad fungerer etter måla dei sjølv har sett seg, som handlar om å utvikle elevane si kritiske medieforståing og -medvit. Dette gjer dei ved å gjere elevane merksame på korleis maktforhold viser seg i tekstar, og ved å gi dei konkrete verktøy for å undersøkje avsendaren sin agenda, formål og truverdet hans. Tilgang til ulike typar språk, framstillingar, tekstar, sjangrar og kunnskap er avgjerande for å utvikle kritisk literacy, og er noko læremidla gjer i varierande grad. Innanfor mangfald undersøkjer eg om læremidla gjer elevane merksame på korleis menneske er framstilte i tekstar. Resultata viser at det er noko læremidla gjer i liten grad. Under design/redesign er det sentralt at elevane får øving i å dekonstruere og konstruere tekstar, og på denne måten få makt over sine eigne liv. Dette skal gjere elevane merksame på korleis tekstar er konstruerte og posisjonerte, og på denne måten kunne sjølvstendig vurdere truverdet i andre tekstar
Master i grunnskolelærerutdanning 5. - 10. trinn, norsk. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen
MGUNO550
norskundervisning, grunnskolelærerutdanning
norskundervisning, grunnskolelærerutdanning
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
