
handle: 11250/3090122
Denne studien tar for seg uteskule. Undervisning utanfor klasserommet handlar om å ta med elevane ut i samanheng med undervisning. I denne oppgåva er læringsutbyttet til elevane ved uteskule sett i lys av lærarars refleksjonar. Eg har gjennom spørjeundersøking og intervjua tatt for meg kva opplevingar lærarar har i forhold til læringsutbyttet ved uteskule. Vidare i studien har eg også spurt om kva utfordringar lærarar opplever i planlegging og gjennomføring av undervisning utanfor klasserommet. Med dei to områdene eg har undersøkt har eg formulert to forskingsspørsmål: 1. Kva type læringsutbytte vektlegg lærarar i utforming av uteundervisning? 2. Kva utfordringar opplever lærarar i utforming og gjennomføring av uteundervisning? Studien er en blanding av kvantitativ og kvalitativ studie der forskinga tek utgangspunkt i lærarar som underviser på barnetrinnet. Lærarane som blei spurt har også erfaring med uteskule. I spørjeundersøkinga har lærarar på ei facebookgruppe blitt spurt om deira erfaringar ved planlegging og gjennomføring av uteskule. I intervjuet har eg spurt to lærarar som underviser i naturfag på barnetrinnet om kva erfaringar dei har med uteskule. Studien viser at lærarane frå både spørjeundersøkinga og intervjuet er positiv til bruk av uteskule og at dei opplever at elevane både er motiverte for å gjennomføre uteskule samt at dei har fleire former for læringsutbytte gjennom undervisning utanfor klasserommet. Dei opplever at elevane arbeider praktisk og er aktive i eiga læring. Samtidig viser forskinga eg har gjennomført at det er ulike utfordringar ein møter både i planlegging og gjennomføring av uteskule. Lærarane opplever at dei kan møte på utfordringar i planlegging og gjennomføring av uteskule, men er i størst grad positiv til undervisningsforma. Det som kjem fram som er interessant er at uteskule legger til rette for konkrete erfaringar og praktiske arbeidsmåtar som legger til rette for dybdelæring.
Master i grunnskolelærerutdanning, naturfag. Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen
MGBNA550
naturfag, barnetrinnet, uteskole
naturfag, barnetrinnet, uteskole
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
