
handle: 11250/3087501
Denne masteroppgåva har vore oppteken av ein kroppsøvingslærar sine eigne erfaringar i møte med constraintsbasert didaktikk knytt til livredningsopplæring ute. Bakgrunnen for studien var basert på tre faktorar. Den eine var eit ynskje om personleg utvikling som lærar, den andre var interessa for den livredningsopplæringa som skal skje ute medan den siste faktoren er gjeldande læreplanverk og dei forventningar den har til undervisninga til kroppsøvingslæraren. Målet med studien har vore å utfordre eigne didaktiske mønster og å bidra til kunnskapsfeltet ved å undersøke bruken av constraints-basert didaktikk i konteksten av livredningsopplæring. Self-study vart vald som metode og datamaterialet var eigne notat som vart skrive undervegs i prosjektet. Ein refleksjonslogg vart skriven etter kvar økt, medan refleksjonsnotat vart skriven etter samtale med kritisk ven. I tillegg har også elevane i prosjektet bidrege gjennom å skrive læring- og erfaringslogg etter kvar time. Funn frå studien viser at eg som lærar hadde meir behov for kontroll enn eg trudde. Eit anna funn var at den heilskaplege tilnærminga som constraintbasert didaktikk vektlegg, vart opplevd som essensiell for elevane sitt læringsutbyte. Eit anna funn viste at lærar opplevde det som lettare å individualisere oppgåvene til kvar elev gjennom å bruke den non-lineære undervisningssyklusen. Det å kombinere self-study med å prøve ute ein didaktisk modell i emnet livredning ute har bidrege med auke i kunnskap om både eigen undervisningspraksis, ein ny didaktisk modell og nye undervisningserfaringar innan livredning
Master i didaktiske praksisar, Høgskulen på Vestlandet
MDIP550
livredningsopplæring, didaktikk
livredningsopplæring, didaktikk
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
