
handle: 11250/2787910
Trass i at organiske Rankine-syklusar (ORC) har eksistert ei stund, er det lite forsking på slike syklusar der subatmosfærisk trykk blir brukt. Subatmosfærisk trykk opnar for høgare trykkforhold som igjen gjev høgare verknadsgrad. Slike trykk er unngått då det er risiko for forbrenning dersom det trengjer luft frå omgjevnadane inn i systemet. Denne avhandlinga har som mål å gjere ei teoretisk undersøking av konsekvensane ved å ha luftstrøyming inn i ein organisk Rankine-syklus med subatmosfærisk trykk på lågtrykk-sida. Syklusen var sett til å bruke n-pentan eller benzen som arbeidsmedium. Utløpstemperatur til kondensator er sett til 30°C, utløpstemperatur til dampkjelen er sett til 150°C. Metoden som vart brukt for å undersøkje problemstillinga vart delt inn i to kategoriar, ikkje-reaktiv og reaktiv strøyming. Metode for ikkje-reaktiv strøyming vart etablert i denne avhandlinga. Mykje av teorien er henta frå tre doktoravhandlingar, anna teori er funne ut av undervegs. Ein modell der luft kan trengje inn i syklusen, med trykket til gassfasen på lågtrykk-sida som fri variabel, vart etablert. Hovudresultata frå denne modellen var relasjonar for molfraksjonen av luft på begge trykksidene av syklusen. Undersøking av tofase-strøyming i pumpa viste at fase-separering kan skje, og at gassfasen kan samle seg ved inntaket til pumpa, som til slutt blokkerer den. Metode for reaktiv strøyming er henta frå ei lærebok om forbrenning, her er det ingen bidrag til forbrenningsteori. Eit uttrykk for Phi vart formulert som funksjon av trykket til gassfasen på lågtrykk-sida. Berekningsverktøyet Cantera var tatt i bruk med Matlab og Python for å simulere tenning og flammestrukturar. Ein detaljert kinematisk mekanisme frå forskningsgruppa CRECK var tatt i bruk i desse simuleringane. Eit viktig funn var at ein organisk Rankine-syklus som har benzen som arbeidsmedium er utsett for forbrenning på lågtrykk-sida ved den gitte tilstanden. Syklusen som brukte n-pentan som arbeidsmedium er ikkje utsett for forbrenning. Dei to arbeidsmedia hadde ulike resultat grunna svært ulike mettingstrykk. Det vart etablert ein metode for å avgjere om eit arbeidsmedium er trygt å bruke eller ikkje, med tanke på forbrenning. Denne metoden reknar Phi for ei rekke tilstandar, tilstanden som gir Phi nærast 1 vert brukt i forbrenningssimulering. Analyse av data frå simulering er eit krav for å avgjere om forbrenning skjer eller ikkje, i den tilstanden. Konklusjonen var at det er behov for meir forsking, blant anna på validering av nye metodar, men også på gevinstane av å ha subatmosfærisk trykk i organiske Rankine-syklusar.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
