
handle: 11250/2782241
Bakgrunn: IMO-resolusjon MSC.428(98) stiller krav til innføring av cyberrisiko i sikkerheitsstyringssystem om bord innan første «Document of Compliance»-revisjon i 2021. Kombinert med eit auka tal cyberåtak, har dette gjort cybersikkerheit særs relevant i den maritime industrien dei siste åra. Formål: Formålet med studien er å avdekkje det potensielle nedslaget av dei nye IMO-krava, og undersøkje korleis dei eventuelt har hjelpt til auka medvit i den maritime industrien. Studien vil også sjå på kva for tiltak industrien har gjennomført for å imøtekome krava, og korleis cyberrisiko vert handtert om bord. Problemstilling: Korleis opplever ulike aktørar innan maritim industri handteringa av cyberrisiko om bord på skip? Teori: Først vert teori knytt til IMO-resolusjonen teke føre seg, etterfølgt av teori om cybersikkerheit og forskjellige typar åtak. Vidare vert IT- og OT-system teke føre seg. Deretter kjem teori om cyberrisikostyring og ei tilnærming til dette, etterfølgt av teori knytt til menneskelege faktorar. Til slutt kjem teori om opplæring om bord. Metode: Kvalitativ metode med djupneintervju har vorte nytta. Studien sitt utval består av to dekksoffiserar, to reiarlagstilsette og éin tilsett i eit klasseselskap. Systematisk tekstkondensering er nytta i analysen av dei transkriberte intervjua. Resultat: Funna i denne studien kan tyde på at det er varierande medvit kring cyberrisiko, men at merksemda kring temaet har auka som følgje av IMO-krava. Reiarlaga vurderer og handterer også cyberrisiko i større grad no enn før. Funna tyder likevel også på at industrien har betringspotensiale på fleire områder, som til dømes opplæring og bevisstgjering. Konklusjon: IMO-resolusjonen har bidrege positivt for cybersikkerheita i industrien, men industrien har likevel har betringspotensiale. Industrien vil tene godt på ein ytterlegare auke av medvit kring cyberrisiko i dei komande åra, i takt med auken i talet cyberåtak. Nøkkelord: Cyberrisiko, cyberåtak, opplæring, menneskelege faktorar, risikohandtering og medvit.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
