
handle: 11250/2781467
Bakgrunn Hensikt med denne oppgåva er å undersøke fenomenet tvangssonding, og å reflektere rundt kva måtar sjukepleiar kan bruke omsorga sin treeining frå Kari Martinsen for å betre gjennomføringa. Problemstilling «Kan tvangssonding av ein ungdom med anorexia nervosa bli gjort med omsorg?» Metode Oppgåva er eit litteraturstudie. Det har blitt gjennomført manuelle søk for å få oversikt og teori knytt til emnet og eit systematisk litteratursøk for å få forskingsartiklar som kan vere til hjelp for å svare på problemstillinga. Det systematiske søket enda på seks artiklar, tre kvalitative, ein kvantitativ, ein litteraturgjennomgang og ein utvikling av retningslinjer. Resultat Samla vis funna at sjølv om tvangssonding blir opplevd som ubehageleg, ser dei fleste på det som nødvendig. Det er nyttig med individuell tilpassing og god erfaring hos personalet. Ein veit for lite om effekten sonding har på utfall, særleg langsiktig. Konklusjon Gjennom nok øving på prosedyra, samtale med pasient for å gje tilstrekkeleg informasjon og for relasjonsbygging kan sjukepleiar få den moralske innsikta av pasientopplevinga om gjer det mogleg å tilpasse sondingane til den enkelte pasient. Dette gjer det mogleg å gjennomføre sondingane med omsorg.
Ungdommar, Omsorg, Tvangssonding, Bacheloroppgave, Anorexia nervosa, Tvang, Sjukepleie, Sykepleie, Ungdommer
Ungdommar, Omsorg, Tvangssonding, Bacheloroppgave, Anorexia nervosa, Tvang, Sjukepleie, Sykepleie, Ungdommer
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
