
handle: 11250/2779635
Energimarkedet går over til meir fornybare energikjelder. Vasskraft, kjent for sin høge effektivitet, pålitelegheit og overlegne reguleringsemne samanlikna med andre fornybare energikjelder, har ein viktig rolle i denne overgangen. Bruken av vasskraft for å regulera kraftbehovet aukar kraftverkets drift i dellast området. Iveland II er et vasskraftverk lokalisert i Aust-Agder i Norge som er drifta av Agder Energi. Anlegget opplever mykje vibrasjonar og støy når det opererar på dellast, og det begrensar driftsområdet for turbinen. Agder Energi har bedt Vasskraftlaboratoriet ved NTNU om hjelp til å finne kjelda til støyen og vibrasjonane. For å undersøke kjelda til støyen og vibrasjonane blei det utført trykkmålingar ved kraftverkets sugerøyr og innløp. Trykkmålingar blei og utført med varierande luftinnslipp, som går gjennom turbinakslingen og inn i sugerøyret, for å undersøka korleis dette påverka trykkpulsasjonane. FFT-analysen viste at Rheingans frekvensen er dominerande både ved innløpet og i sugerøyret når turbinen opererer på dellast. Dens låge frekvensen på $\sim$ 1 Hz utelukka den som ein mogeleg støykjelde. Basert på enkle berekningar blei det funnet at frekvensar forårsaka av Von Kármán virvlar ligg i området for observerte frekvensar. Undersøkinga av en gassboble som fungerer som eit fritt vasspeil i sugerøyret viste at det kan vere ein potensiell kjelde. Målingane gjort i denne oppgåva er ikkje nok til å konkludera. Begrensing av luftstraumen som blir slept inn i sugerøyret gjennom turbinakslingen viste seg å ha liten innverknad på trykkpulsasjonane. Ein dynamisk kalibreringsenhet ble designa, men blei ikkje produsert.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
