
handle: 11250/2772107
Bakgrunn: Funksjonelle nevrologiske symptom (FNS) er nevrologiske symptom som ikkje kan forklarast av sjukdom eller skade i nervesystemet, og er ein av lidingane som synleggjer den komplekse heilskapen kroppen er. Psykologiske behandlingstilnærmingar har lenge vore føretrekte, men fokuset på fysikalsk behandling har vorte større. Norsk psykomotorisk fysioterapi er ei behandlingstilnærming basert på eit heilskapleg menneskesyn der ein søker å endre lite føremålstenlege rørslemønster. Føremål: Føremålet med studien er å utforske erfaringar og opplevingar med norsk psykomotorisk fysioterapi som behandlingstilnærming ved funksjonelle nevrologiske symptom, belyst frå både pasient- og fysioterapeutperspektiv. Studien søker å utdjupe kva norsk psykomotorisk fysioterapi kan tilføre pasientar med funksjonelle nevrologiske symptom: Kva terapeutane erfarer dei kan bidra med, og korleis pasientane opplever behandlinga, og kva dei får ut av behandlinga. Metode: Studien er ei kvalitativ intervjustudie forankra i fenomenologisk og hermeneutisk forståingsramme. Semistrukturert individualintervju av to pasientar og ein fysioterapeut, samt fokusgruppeintervju av seks fysioterapeutar vert nytta for samle inn datamateriale. For å analysere datamaterialet nytter eg systematisk tekstkondensering. Teori om norsk psykomotorisk fysioterapi, kroppsfenomenologi og relasjonsteori belyser funna. Resultat: Resultatkategoriane heilskapleg menneskesyn, trygg grunn for utforsking og kontakt med seg sjølv gjennom kroppsleg utforsking trer fram som hovudtema i resultatet. Dei er samanvevd og påverkar einannan gjennom heile behandlingsprosessen. Konklusjon: Terapeutane erfarer at gjennom å sjå heile mennesket, skape ein trygg grunn gjennom fellesskap og hjelpe pasienten å få kontakt med seg sjølv gjennom nye kroppslege erfaringar, kan pasientane få auka innsikt i sin situasjon og forståing av seg sjølv. Pasientane opplevde å verte møtt, sett og forstått i behandlinga. Dei fekk auka kontakt med seg sjølv, ny forståing av samanhengar og kan i større grad lytte til kroppslege signal i kvardagen.
Masteroppgave i klinisk fysioterapi, Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen
MAFYS603
menneskesyn, norsk psykomotorisk fysioterapi
menneskesyn, norsk psykomotorisk fysioterapi
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
