
handle: 11250/2766842
Den nye læreplanreforma, Kunnskapsløftet 2020, legg djupnelæring fram som ein føresetnad for at elevane skal lukkast i sitt framtidige arbeids- og samfunnsliv. Det er uvisst kva kompetansar elevane treng å tileigna seg for det 21. hundreåret, noko som er grunnlaget for fornyinga av faga i skulen. Djupnelæringsomgrepet er ikkje eit nytt omgrep, men det skal no ligga i sentrum av all aktivitet i den norske skulen, og det vert presentert som eit naudsynt fokus for elevane si utvikling. For å realisera elevane sin faglege utvikling, må også vurderinga ha ein læringsfremjande karakter. Vurdering i samfunnsfag er eit område med lite tidlegare forsking, men denne forskinga syner at vurderinga i faget ofte har eit fokus på reproduksjon av faktakunnskap, altså eit fokus på overflatelæring. Overflatelæring vert rekna for å høyre til på lågare taksonomiske nivå, medan djupnelæring høyrer til på dei høgare taksonomiske nivåa. Denne studien har gjennom tre kvalitative metodiske tilnærmingar undersøkt korleis djupnelæring og vurdering vert skildra i styringsdokumenta som har leia fram til det nye læreplanverket, og korleis dokumenta som legg føringar for lærarane sin praksis omtalar desse omgrepa. Den har også undersøkt korleis eit utval samfunnsfaglærarar forstår og operasjonaliserer omgrepa djupnelæring og vurdering, og om dei faktisk vurderer djup læring i faget. Føremålet med studien har vore å få eit innblikk i korleis desse omgrepa kan bli forstått i samfunnsfaget, og korleis djupnelæring kan vurderast i eit fag som ofte er prega av faktainnlæring og reproduksjon av kunnskapar. Studien viser at «det norske» djupnelæringsomgrepet er tydeleg forankra i kognitiv læringsteori, og at det sosiokulturelle perspektivet ikkje kjem fram før i den endelege definisjonen i Overordna del av læreplanverket. Samfunnsfaglærarane har alle ulike tilnærmingar til omgrepet, både i forståing og operasjonalisering. Vurderingspraksisen deira er også ulik, og det vert funne at det er stor skilnad i om dei vurderer ferdigheiter på høgare taksonomiske nivå, eller om dei vurderer overflatekunnskap. Studien min indikerer at lærarar kan ha vanskar med å operasjonalisere omgrepet djupnelæring, då dette mellom anna føreset ein vurderingspraksis med formativ vurdering i sentrum.
Master i samfunnsfagdidaktikk Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag
MSAM613
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
