
handle: 11250/2762959
Student: Kristine Tråi Rettleiar: Endre Brunstad Tittel: Kritisk lesing av sakprosatekstar i den vidaregåande skulen Undertittel: Ein kvalitativ studie av fire norsklærarar sine didaktiske refleksjonar Denne studien forsøker å kaste lys over kritisk lesing av sakprosatekstar i norskfaget i den vidaregåande skulen, ved å fokusere på kva didaktiske refleksjonar norsklærarar gjer seg med tanke på tekstutval og kritisk lesing. Tematikken er aktualisert som følgje av kompleksiteten ved dagens tekstmangfald, og har med innføringa av fagfornyinga også fått eit auka fokus i skulen. Dei fleste studiane som rettar seg mot temaet tyder på at elevane sin kritiske tekstkompetanse er på eit lavt nivå. I tillegg er det studiar som indikerer at sakprosa vert behandla på ein måte som ikkje legg til rette for ei kritisk lesing av tekstane. Mitt mål for studien vart difor å få djupare innsikt i vilkåra for kritisk lesing av sakprosatekstar i norskfaget, ved å undersøkje kva refleksjonar eit utval norsklærarar legg til grunn for si undervising i tematikken. Med utgangspunkt i dette vart følgjande problemstilling formulert: Kva didaktiske refleksjonar gjer norsklærarar på Vg1 seg kring kritisk lesing av sakprosatekstar? For å svare på problemstillinga har eg gjennomført kvalitative forskingsintervju med fire norsklærarar på Vg1 studieførebuande. Intervjua vart transkribert, og det er desse transkripsjonane som utgjer mitt datamateriale. På bakgrunn av ein tematisk analyse er eit av hovudfunna at det vert arbeidd tilsynelatande mykje med sakprosatekstar på Vg1 studieførebuande, men analysen indikerer at det sjeldan vert gjort ei eksplisitt leseopplæring i tekstane. I denne samanhengen er det påfallande i kor stod grad lærarane sine personlege preferansar og erfaringar spelar inn for prioriteringa av sakprosatekstar i undervisinga. Studien indikerer også at lærarane ser viktigheita av å arbeide med kritisk lesing av sakprosatekstar, men det utgjer verken ei prioritering eller eit eksplisitt fokus i opplæringa. Lærarane si beskriving av kritisk lesing viser at dei har ulike fagsyn, noko som er avgjerande for korleis dei opplever å undervise kritisk lesing. Fellestrekk ved opplevinga deira av undervisingspraksisen er at det er enkelte utfordringar i arbeidet med kritisk lesing. Desse er 1) Utfordringar knytt til etablerte læringskulturar, 2) Utfordringar knytt til lærarrolla og 3) Utfordringar knytt til manglande målestokkar og pålitelege haldepunkt og 4) Utfordringar knytt til kompetanseforskjellar blant elevar.
norskdidaktikk, tekstutval, 370, Kritisk lesing, kvalitativ forsking, kritisk literacy, sakprosa, kvalitative forskingsintervju, 711123
norskdidaktikk, tekstutval, 370, Kritisk lesing, kvalitativ forsking, kritisk literacy, sakprosa, kvalitative forskingsintervju, 711123
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
