
handle: 11250/2671068
Bakgrunn: I løpet av praksis møtte eg svært mange pasientar med Parkinson sjukdom, der det i stor grad var fokus på motoriske plager. I fleire høve visste ikkje sjukepleiar korleis ein skulle vere til hjelp for pasientane. I samtalar med pasientane opplevde eg at dei ikkje-motoriske symptoma var det som påverka pasientane i størst grad og førte til redusert livskvalitet. Det bør leggjast meir vekt på å forstå dei psykiske påkjenningane ved sjukdomen, og korleis dette påverkar kvardagslivet og livskvaliteten. Problemstilling: Korleis ivareta livskvalitet hjå parkinsonpasientar med depresjon i heimetenesta? Hensikt: Hensikta er å få auka kunnskap om korleis sjukepleiar kan tilrettelegge og rettleie parkinsonpasientar som lir av depresjon for å ivareta livskvalitet. Metode: Oppgåva er ein systematisk litteraturstudie. Databasane Medline og Cinahl er nytta for å søke etter relevant litteratur. Eg har valt ut fire forskingsartiklar for å kunne svare på problemstillinga, desse er kritisk vurdert ved hjelp av sjekklister for å avgjere om resultata er til å stole på. Resultat: Teori og forsking viser at fleire tiltak kan setjast i verk for å bevare livskvalitet hjå pasientar med Parkinson. Depresjonsreduserande tiltak, kognitiv atferdsterapi, sosial støtte og støtte i høve grunnleggande behov er sentralt. Sjukepleiar har ei sentral rolle og må ha fokus på å gi god informasjon, rettleiing og støtte, då dette er med på å betre og ivareta livskvalitet. Mange eigne erfaringar stemmer overeins med resultat frå teori og forsking.
SK152
depresjon, VDP::Medisinske Fag: 700, Parkinson sjukdom,, livskvalitet,
depresjon, VDP::Medisinske Fag: 700, Parkinson sjukdom,, livskvalitet,
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
