
handle: 11250/2661211
Samandrag Hensikt: Hensikta med studien var å undersøke kva heimebuande pasientar med kognitiv svikt opplever som helsefremmande ved bruk av velferdsteknologi. Metode: For å få svar på problemstillinga er det gjennomført ein systematisk litteraturstudie. Det vart gjennomført systematisk søk etter relevant forskingslitteratur, og åtte artiklar som belyser problemstillinga vart inkludert. Studiane i artiklane var kvalitative og desse vart analysert ved bruk av innhaldsanalyse. Resultat: Heimebuande pasientar med kognitiv svikt opplevde at velferdsteknologien gjorde at dei følte seg meir sjølvstendige, dei følte auka tryggleik og sikkerheit og dei fekk anledning til å vere meir sosiale, noko som er helsefremmande. Teknologien kunne også bidra til å ikkje fremme helse ved å forstyrre, følast stigmatiserande, at brukarane følte seg overvaka eller at dei følte falsk tryggleik. Konklusjon: Studien viser at heimebuande pasientar med kognitiv svikt opplever velferdsteknologi som helsefremmande, men at det er viktig at velferdsteknologien er tilpassa brukaren sine evner og ynskjer for at den skal vere effektiv. Sjukepleiar har her ei viktig rolle i å legge til rette for at implementering og bruk av velferdsteknologi skjer i samarbeid med brukaren, slik at brukaren opplever meistring og kontroll over sin eigen situasjon.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
