
handle: 11250/2657774
Gjennom dei siste månadane har me samla data og informasjon frå kvartals- og årsrapportar, bøker, forskingsdokumenter, nyhendesartiklar og andre verdisetjingar for å kunne gjennomføra ein omfattande analyse og verdsetjing av Mowi ASA. Aksjeprisen me har kome fram til er ein funksjon av relativ og absolutt verdsetjing, som igjen er basert på strategiske og regnskapsmessige analyser. For å få ei betre forståing av lakseindustrien, har me starta med ein gjennomgang av Mowis historie. Dette skapa kunnskapsgrunnlaget for vår strategiske analyse, som består av PESTEL-analyse, Porters fem konkurransekrefter, VRIO-analyse, samt ein SWOT-analyse for å samanfatte våre viktigaste funn. I regnskapsanalysen har me tatt ein nærmare titt på Mowis økonomiske situasjon, lønnsemd, solidaritet og likviditet. Dette gav oss eit godt inntrykk av den overordna finansielle og økonomiske tilstanden til Mowi. Som eit resultat av den relative og absolutte verdsetjinga, har me kome fram til ein aksjekurs på NOK 178.1. Sidan den eigentlege aksjekursen per 31.12.19 var NOK 228.2, er vår anbefaling å selje aksjen. Arbeidet med semesteroppgåva vår har blitt påverka av den pågåande coronasituasjonen, ved at kommunikasjon og tilgang til informasjon er blitt redusert. Sidan oppgåva allereie har reduserte ressursar, har me i ein eigen del lagt til kritikk av oppgåva og kasta lys over potensielle svakheiter.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
