
handle: 11250/2628810
Noreg og andre land med bratt terreng erfarer fare knytt til gravitasjonsrelaterte prosessar grunna det ekstreme terrenget som er utsett for flaumskred, skred og snøskred grunna klimatisk eller menneskeleg påverknad. Eit meir ekstremt klima er forventa i framtida, noko som vil resultere i ei auke i antal korte, intense regnskyll. Leievoll er ein aktiv metode som vert nytta til å trygt leie flaumskredet unna busetnad og infrastruktur. Leievoll blir betrakta som ei ubøyeleg barriere. Det er av stor betyding å auke kunnskapen om faktorane som ligg til grunn for utforminga av ein slik konstruksjon, slik at ein kan bestemme nødvendig vollhøgde for å unngå at massane flyt over vollen. Leievollar er ofte bøygde og endrar retninga til skredet, får så å leie det inn i eit område kor det trygt kan avsetjast. Elleve testar vart utført i ein rektangulær, småskala modell med helling på 17,5°. Renna er 5 meter lang og 30 cm brei. To konsentrasjonar av materialet har blitt testa, 50 og 60 %, på to retningsendrande vinklar, 45 og 90°. Tre referansetestar utan barriere vart utført for å kunne samanlikne testane med barrierar med, og derav sjå effekten av bruk av leievoll. Ein prøvetest om erosjon vart også utført. Hovudfunn: - Hastigheitsprofilane syner aukande og synkande fart om kvarandre grunna nøyaktigheita i metoden brukt i Tracker. Små variasjonar i sporinga av fronten gir store utslag. Hastigheita i avsetjingsområdet er minkande på grunn av den hellinga som no er redusert til 2°. Ei auke i vassinnhaldet resulterer i høgare hastigheit. - Froudes tall for test 8-10 er større enn kva ein har observert i naturen, og blir vurdert som for høge til å kunne bruke det i Froude-likskapen. Test 2-7 og 11 er under den høgste verdien sett i naturen, og kan difor brukast. - Oppskyllingshøgd er påverka av både konsentrasjonen av massen og leievinkelen. Observert oppskyllingshøgd er mindre enn kva teori føreslår. MJ-modellen gir dei mest nøyaktige anslaga for ubøyeleg barriere, mens FM-modellen gir dei dårlegaste. - Målt kraft på plata er størst for fangvollen og minst for leievollen. Hastigheita kvadrert er forbunde med krafta via den hydrodynamiske likninga. Tilbakeslag av flaumskredmassane i kollisjon med fangvollen reduserer målt kraft og kompresjon av materiale påverkar α3. - Utløpslengd er påverka av leievinkelen, då ein ser at ein fangvoll stansar massane straks etter kollisjonen, medan ein leievoll leiar massane til sida. Grove levear er observert i front og på sidene, og grada av velutvikla levear er avhengig av vassinnhaldet i massane. - Testen med erosjon av materiale i skredbana synte inga erosjon ved observasjon.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
