
handle: 11250/2625923
Denne rapporten viser arbeidet gjort av NTNU-laget under andre fase av Drillbotics. Drillbotics er ein internasjonal borekonkurranse som blir arrangert av DSATS for femte år på rad i 2019, der universitetsstudentar vert utfordra til å bygga og automatisera ein miniatyrborerigg. Kvart år blir ei ny utfordring introdusert, og fokuset dette året er på nedihullsmålingar og automatisering av retningsboring. I fyrste fase av konkurransen vart eit designforlag presentert for korleis hovudutfordringane skulle taklast. Dette designet presenterte to ulike mekaniske alternativ for å oppnå retningsboring ut frå nedihullsmålingar. Fleire endringar måtte gjerast på riggen for å gjera retningsboring mulig. Top-drive-motoren måtte byttast ut for å mogeleggjera presis styring av nedihullsutstyret, og leidningane inne i borestrengen måtte forbetrast og gjerast mindre for å ha stabil kopling med nedihulls sensorkort. Ei ny pumpe måtte monterast for å tilfredsstilla dei høge trykk-krava frå det hydrauliske systemet. Eit 9-akse sensorkort med akselerometer, magnetometer og gyroskop har blitt brukt for å måla brønnbanen. Ein elektromagnet har blitt brukt for å gjera opp for magnetisk forstyrring i nærleiken av magnetometeret. Denne løysinga gjer det enklare for sensoren å måla magnetisk nord, og det blir difor enklare å bora brønnen i ønska retning. Kontrollsystemet er implementert i NI LabVIEW, og inneheld fleire nye funksjonalitetar. Eit forbetra grafisk brukargrensesnitt hjelper operatør med å visualisera og tolka det som foregår i brønnen ved bruk av eit live loggpanel. HMS har blitt styrka, og nedetid redusert, ved innføring av ein tryggleikssekvens som blir aktivert av mindre advarslar frå systemet, og jobbar for å redusera problemet før det blir så stort at riggen må stoppast. Fleire utfordringar og begrensningar vart møtt under prosjektet. Å laga nedihullsutstyr i miniatyr frå grunnen av fører med seg mange praktiske utfordringar som må forståast og løysast. Dette aspektet av prosjektet, samt det laget lærte av utfordringane, er skildra og forklart i rapporten. Konkurransen for Drillbotics 2019 blir haldt 13. juni i Celle i Tyskland. Alle finalistane frå Europa skal delta her, og starta boringa samtidig. Sidan leveringsfristen til oppgåva er før konkurransedagen, vil denne rapporten ikkje innehalda NTNU sine resultat i denne konkurransen.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
