
handle: 11250/2613438
I denne bacheloroppgåva har det vorte konstruert eit separat gir for ei trålvinsj, der kostnadar, levetid og servicevennlegheit har stått i fokus. Med utgangspunkt i eksisterande løysing frå Evotec, har det vorte utvikla ei ny løysing som har høgare levetid, utgangsfart og belastningsspekter. I tillegg er vekta, totalutvekslinga, størrelsen og prisen redusert. Det er kome fram til aktuelle tekniske løysingar, herunder design, styrkeberekning, drift og vedlikehald, samt eit produksjonsgrunnlag og eit prisestimat. Giret har vorte dimensjonert for 25 års levetid med 12 timar drift dagleg. Maksimal belastninga er på 80 tonn, med sikkerheitsfaktorar, og det utgåande turtalet ved hiving er 40 rpm. Girkassa og planetgiret kan brukast som ei «universal» girkasse, der planetgiret vert brukt for alle typar vinsjar, og der dei sylindriske stega, samt motorane kan endrast etter behov. På større vinsjar kan girkassa også monterast på begge sider. Med dette utgangspunktet kan girkassa dekke eit belastningsspekter på 35 til 80 tonn, forskjellige vinsje størrelsar, samt nyttast i fleire typar næringar.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
