
handle: 11250/2585948
Hensikt: Føremålet med denne studia er å auke mine kunnskapar om korleis eg som sjukepleiar kan legge til rette for god palliativ omsorg til kreftpasientar som vel å døy i heimen. Metode: Eit systematisk litteraturstudie blei gjennomført for å identifisere, kvalitetssikre og analysere forsking om det aktuelle temaet. Åtte kvalitative forskingsartiklar blei plukka ut gjennom eit systematisk litteratursøk. Dei inkluderte artiklane vart funne gjennom databasane British nursing index, CINAHL, Swemed+ og Sykepleien.no. Resultat: Sjukepleiarane meiner at fleire faktorar må vere til stades for å kunne leggje til rette for god palliativ omsorg. Faktorane som må vere til stades er ein god relasjon mellom pasient og sjukepleiar. Ein god relasjon er med på å skape tryggleik og betre kommunikasjon med pasienten. Ein må lindre symptom i heile si breidd, og ein må ha eit godt samarbeid med pårørande. Ein må også ha god fagleg kompetanse. Konklusjon: Funna i dette litteraturstudiet viser at desse faktorane heng tett saman og påverkar kvarandre. Fleire av desse faktorane må hevast for å betre den palliative pleia. Sjukepleiarane ynskjer blant anna meir kompetanse på fagfeltet og betre bemanning.
Sykepleier, Palliativ pleie, Kreftpasienter, Hjemmet
Sykepleier, Palliativ pleie, Kreftpasienter, Hjemmet
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
