
handle: 11250/2506471
Det vert sagt at eit klima i endring vil påverke risiko frå naturfarar, og korleis ein førebur seg og handterer dei i framtida. Eit varmare og våtare norsk klima vil kunne påverke framtidige skredrelaterte naturfarar frå snø, jord og stein. Forsking visar at det er knytt stor usikkerheit til dette, men at ein konkludera med at eit våtare klima vil kunne auke akselerasjonen i skråningar og ustabile fjellparti. Då er det særs viktig at ein har på plass eit beredskapssystem med god informasjons- og kommunikasjonsflyt der ein er raskt ute med informasjon for å trygge ulike aktørar og lokalbefolkninga. I tillegg er det viktig at ein gjennomfører øvingar av heile beredskapskjeda for å kunne evaluere den, luke ut manglar og sette inn tiltak der det trengs. Denne masteroppgåva har eit kvalitativt fokus og tek føre seg korleis innbyggjarar i Geiranger, i Stranda kommune, stiller seg til risikoen frå Åkerneset, manglande beredskapsplan og risikokommunikasjon frå kommunen. Eit framtidig fjellskred frå Åkerneset ved Storfjorden i Stranda kommune, kan i verste fall føre til at ei masse på 54 mill. m3 fell i fjorden og skapar flodbølger som vil påverke ti kommunar langs Storfjordbassenget. Åkerneset vert overvaka døgnet rundt av NVE og beredskapssenteret på Stranda, og dersom skredet skal komme har dei som mål å varsle og evakuere befolkninga minst 72 timar før raset. Datamaterialet er henta fram gjennom intervju med tolv informantar og gjennom dokumentanalyse av offentlege rapportar. Undersøkinga viser at informantane ikkje tenkjer på Åkerneset i kvardagen, men at dei heller har tankane sine retta mot anna allmenn risiko. Informantane hevdar at beredskapsarbeidet og risikokommunikasjonen ikkje er gode nok og etterlyser meir involvering, dialog og samarbeid mellom lokalbefolkninga og fagfolk. Kunnskap om korleis innbyggjarane vurderer risiko, beredskapsarbeid og risikokommunikasjon kan vere eit bidrag til korleis kommunar førebur seg for, handlar under, og hentar seg inn igjen etter ei naturkatastrofe.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
