
handle: 11250/2500921
Driftsgranskingane skal vise årlege resultat, og meir langsiktige utviklingslinjer, for økonomien i jordbruket. Undersøkinga er avgrensa til gardsbruk der inntekta frå jordbruket utgjer ein viktig del av den samla inntekta til brukarfamilien. Driftsgranskingane byggjer på skatterekneskapar som er omarbeidde til driftsrekneskapar. Rekneskapane kjem frå gardsbruk som er spreidde rundt i heile landet. For rekneskapsåret 2012 tok 870 bruk del i driftsgranskingane i jordbruket. Av desse var 142 med i dei spesielle driftsgranskingane i skogbruket. Dessutan leverte 33 samdrifter innan kumjølkproduksjon data til undersøkinga. Driftsgranskingane omfattar gardsbruk med eit standard dekningsbidrag som minst svarer til 8 ESU (europeiske storleikseiningar). For 2012 gjekk den grensa ved om lag 71 700 kroner. Økologisk jordbruk, samdrifter innan kumjølkproduksjon, jordbruksfrådrag og tilleggsnæringar til tradisjonelt landbruk er spesialfelt innafor driftsgranskingane. Desse emna vert behandla i eigne avsnitt i rapporten. […]
driftsrekneskap, landbruksstatistikk, rekneskapsresultat, landbruksøkonomi, skogbruksøkonomi, rekneskapsstatistikk
driftsrekneskap, landbruksstatistikk, rekneskapsresultat, landbruksøkonomi, skogbruksøkonomi, rekneskapsstatistikk
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
