
handle: 11250/2486425
Slik som sjukepleiaryrket utviklar seg no til dags får sjukepleiaren meir og meir ansvar. Dette gjeld både sjukepleiarar som yrkesgruppe men og som enkeltpersonar. Ein kan oppleve å gå rett frå sjukepleiarstudiet og inn på ein arbeidsplass, og der oppleve å vere einaste sjukepleiar, og med stort ansvar. Som sjukepleiar stiller samfunnet både formelle og uformelle krav til kva ein skal site inne med av kunnskap og ferdigheiter. Målet med denne bacheloroppgåva er å drøfte om simulering og scenariotrening kan brukast som eit læreverktøy til å ruste sjukepleiaren til møte med akutte prehopitale situasjonar. Simulering og scenariotrening er ei læringsform som er på stor veg inn, og har dessutan vore i bruk i andre yrkesgrupper i lengre tid. Utstyr til simulering kan vere kostbart, men bør vegast opp mot nytteverdien. Det verkar til å vere eit breitt konsensus i litteraturen på at simulering er eit nyttig verktøy til å lære samarbeid, ferdigheiter og problemløysing. Dette samstundes med at ein kan tilpasse variablane i simuleringa etter ferdigheitsnivå og læringsutbytte.
Høgskulen på Vestlandet Avdeling for helsefag/ Institutt for sjukepleie/Campus Førde
Sjukepleiarstudent, Simulering, Læringsmetode, Sjukepleiar, Sjukepleiarutdanning
Sjukepleiarstudent, Simulering, Læringsmetode, Sjukepleiar, Sjukepleiarutdanning
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
