
handle: 11250/2438673
Tradisjon er noko som ligg meg nær! Eg meiner at kulturvern kan gje grunnlag for identitet og rotfeste, og at dette skapar forståing av at eigne tradisjonar representere noko verdifullt. For meg er det viktig å både ta vare på tradisjonar og å forsøka å skapa nye. Jamvel om utgangspunktet for avhandlinga sprang ut i frå eit personleg ynskje om å formidla eit kulturinnhald som eg fryktar med tida kan står i fare for å bli borte, er intensjonen at undersøking gjennom skapande arbeid skal gje meg innsikt i kulturelle og psykologiske prosessar som oppstår i samband med kulturformidling. Eg har eit ynskje om å utvikla ein djupare didaktisk kompetanse som kan hjelpa meg å legga til rette for eit større rom for skapande prosessar i samband med kulturformidling i faget kunst og handverk. Mastergradsavhandlinga vil på grunnlag av dette vera prega av eit kulturdidaktisk perspektiv. Undersøking gjennom eige skapande arbeid tek utgangspunkt i Else Marie Halvorsen sin kulturformidlingsdidaktikk. I dette arbeidet bruker eg folkekunst som middel til å granska forholdet mellom «har»- og «er i»-kultur. Eg har valt å ta utgangspunkt i noko som har oppstått og eksistert i fortida. Ved å la tradisjonen inngå i eit samspel med det eg omgjev meg med, opnar eg for eit møte mellom de to kulturformene i eige skapande arbeid.
tradisjoner, kulturformidling, folkekunst, 123
tradisjoner, kulturformidling, folkekunst, 123
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
