
handle: 11250/2395003
Bakgrunn for val av tema Etter mi erfaring frå praksis i heimesjukepleia har eg sett mange eldre som både blir passivisert når helsepersonell er til stades og ikkje får tilrettelagt noko form for aktivitetar i kvardagen. Eg har møtt mange sjukepleiarar og studentar som er usikre på om det å leggje til rette for fysisk aktivitet og ressursbruk blant eldre heimebuande er ein del av arbeidsområdet. Derfor har eg valt å gå djupare inn på dette temaet Problemstilling Korleis kan ein som sjukepleiar fremje helsa til heimebuande eldre gjennom fysisk aktivitet? Framgangsmåte Eg har nytta ei litterær studie for å svare på problemstillinga. Ved å sjå på ny litteratur kan ein bli meir oppdatert på kva som kan skape god praksis og eventuelt kva som er mangelfult. Det vert også nytta forskingsartiklar og eigne erfaringar for å belyse mi problemstilling. Oppsummering Når talet eldre vil auke i tida framover er ein viktig tanke korleis eldre kan vere lengst moglig sjølvhjelpt heime. Kvardagsrehabilitering vil vere eit sentralt tema innan helsefremjande arbeid, då det handlar om å vektleggje personens helse og ressursar. I praksis kan det vere vanskeleg å utføre kvardagsrehabilitering og fysisk aktivitet då heimesjukepleia er prega av tidspress, kunnskapsmangel og ulike haldningar frå andre. Ved at sjukepleiarar har større fokus på dette temaet kan ein bli meir bevisst på å nytte brukarens eigne ressursar. Det tverrfaglege samarbeidet vil også vere ein viktig ressurs for sjukepleiaren.
Bachelor i Sjukepleie SK 152
heimesjukepleie, eldre, rehabilitering, fysisk aktivitet
heimesjukepleie, eldre, rehabilitering, fysisk aktivitet
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
