
handle: 11250/2372502
Hensikta med denne oppgåva har vore å undersøke problemstillinga ”Kva kjenneteiknar læringsarbeidet i fotball”. Oppgåva handlar om det som skjer på treningsfeltet i fotball, med eit særleg fokus på kommunikasjonen og samhandlinga. I fellesskapet mellom spelarar og trenarar står relasjonane og korleis spelarane sjølv både er ein del av eigen og andres læring sentralt. For å utvikle eit materialet som kan svare på problemstillinga, har eg følgt to fotballag som observatør i ei treningsveke kvar (tre treningar x 2). Gjennom Illeris (2012) sin teori om læringas tre dimensjonar (innhald, drivkraft og samspel) analyserer og forstår eg empirien med nye omgrep. Fotballtrening sin innhaldsdimensjon handlar om læringsarbeidet på treningsfeltet. Her inngår observasjonar av dialog, refleksjon, teknikk og relasjonelle ferdigheiter. Både trenar og spelarar fyller treninga med avgjerande innhald. Gjennom drivkraftdimensjonen får eg fram at deltakarane legger ned ein stor innsats i læringsarbeidet. Dei ser for det meste engasjerte, energiske og konsentrerte ut. Samstundes er det fleire døme på at spelarar glipp ut av konsentrasjonen om sjølve spelet. Det er ein jovial tone i kommunikasjonen mellom spelarane som også bidrar til drivkrafta retta mot det å vere fotballspelar. Samspelsdimensjonen er noko meir enn berre samarbeidet mellom spelarane på bana, det er også eit samspel mellom individet og omgjevnadane på andre måtar. Læringa er situert, læringssituasjonen påverkar ikkje berre læringa, den er også ein del av den (Illeris, 2012). Eg har sett spelarar og trenarar påverkar kvarandre og er ein del av den andre sitt læringsarbeid. Samstundes har eg sett spelarar sitt samspel med den materielle delen av omverda (t.d fotballen) og korleis det er eit samspel mellom alle tre dimensjonane (innhald, drivkraft og samspel). Læringsarbeidet på fotballbana og læringas tre dimensjonar må sjåast som dynamiske prosessar i samspel med kvarandre. For å tilrettelegga for dette samspelet og dermed for læring på fotballtrening krevjast eit kontinuerleg overblikk eller ”utanfråblikk” som særleg trenaren kan representere.
nih, masteroppgaver
nih, masteroppgaver
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
