
handle: 11250/150955
Antal eldre er aukande i Noreg, og ein stor del av desse er demente og bur på sjukeheim. I 2009 trådde kapittel 4A i pasientrettigheitslova i kraft som omhandlar tvang ovanfor pasientar utan samtykkekompetanse. Tvang i samband med demente pasientar er truleg noko ein vil møte som sjukepleiar, og eg har difor vald å ta utgangspunkt i problemstillinga: "Korleis kan kommunikasjon utgjere tillitsskapande tiltak for å unngå tvang ovanfor demente i stellsituasjon på sjukeheim?" Hensikta med litteraturstudiet er å sjå kva ein som sjukepleiar konkret kan gjere gjennom å nytte kommunikasjon som innfallsvinkel for å skape tillit og dermed unngå bruk av tvang i møte med utagerande demente. Litteraturen eg har vald å nytte er hovudsakeleg frå dei seinare åra, eit bevisst val frå mi side for å få oppdatert kunnskap, og resultata konkluderer i store trekk med det same: Demente pasientar treng individuell tilnærming der sjukepleiaren baserer samhandlinga på kunnskap om personen, sjukdomen og kva behov vedkomande har til ei kvar tid. Vidare vil bruk av tid, tilrettelegging og bevisstgjering av korleis sjukepleiaren kommuniserar, både verbalt og nonverbalt, kunne påverke relasjonen dei imellom, skape tillit og dermed førebygge bruk av tvang. Kort sagt vil sjukepleiaren si haldning og handling vere med på å avgjere om ein oppnår tillit eller nyttar tvang i samhandling med demente pasientar.
Sykepleie
Sykepleie
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
