handle: 10852/60214
Denne oppgåva handlar om finansieringa av alderspensjonen i folketrygda. Problemstillinga eg har undersøkt er kvifor det vart umogleg å halde på ein alderspensjon på to-tredjedelar av løna til ein vanleg industriarbeidar. Planane med å etablera folketrygda starta etter at Einar Gerhardsen lova å etablere ein folkepensjon som skulle gi ein alderspensjon på to-tredjedelar av løna til ein vanleg industriarbeidar i 1963. Oppgåva har tre hovuddelar. I første del har eg analysert planane for å finansiere alderspensjon, og undersøkt kor realistiske dei finansielle planane for å finansiere ein alderspensjon på to-tredjedelar av løna til ein vanleg industriarbeidar var. Ved å samanlikne kostnadsprognosane og føresetnadane som vart lagt, med den faktiske utviklinga, har eg kome fram til ein eintydig konklusjon om at desse planane var grundige og realistiske. Kostnadsprognosane for uførepensjonen var derimot mykje lågare enn dei faktiske utgiftene. I neste del av oppgåva har eg forklart korleis nye politiske lover etter at folketrygdlova vart vedtatt i 1966 endra finansieringa av alderspensjonen i folketrygda radikalt, ved å innlemme arbeidsløyse-, ulukkes- og sjuketrygda. Pensjonsalderen vart dessutan satt ned, og det vart vedteke ei rekkje aukar i minstepensjonen. I denne prosessen fekk òg sosiale forhold større tyngde, medan forsikringsdelen av alderspensjonen som skulle sikre ein alderspensjon på to-tredjedelar av løna til ein vanleg industriarbeidar, vart svekka. I den siste delen av oppgåva har eg forkart følgjene av dei nye politiske vedtaka som kom etter vedtaket av folketrygda i 1966. Vedtaka av nye sosiale ordningar etter 1966, gjorde at folketrygda i 1972 ikkje lenger var finansielt berekraftig. For å løyse dette problemet, vart det sommaren 1972 etablert eit trygdebudsjett som skulle få kontroll på kostnadsveksten. Gjennom 1970-talet vart mekanismane som skulle regulere nivået på alderspensjonen, endra ei rekkje gongar utan at det kom noko enkelt politisk vedtak om å senke nivået på alderspensjonen. Følgjene av desse endringane var at ein ved inngangen til 1980-talet hadde svekka nivået på alderspensjonen markant, og lovnaden om ein alderspensjon på to-tredjedelar av løna til ein vanleg industriarbeidar var ikkje lenger mogleg å oppnå.
Social security, Trygdebudsjettet, Tidsperspektiv, Aktuarforeningen, To-tredjedelar av løna til ein industriarbeidar, Statistisk sentralbyrå, regulering av grunnbeløpet, Finansieringen av alderspensjonen, Lavinntektsgrupper, Norway’s pension fund, Pensjonsalder, Odd Højdahl, Uføretrygdede, St. meld. nr. 75 (1963-64), Norway’s retirement plan, Sårbar, Sysselsettingsgrad, Sparenivå, Realisme, Norwegian National Insurance, Dødelighet, Pension plan, Reallønnsjustering, Finansieringen av folketrygden, Finansdepartementet, Norway, Folketrygdfondet, Innstilling fra sosialkomitéen om folkepensjon Om Folkepensjon, Per Haga, Trygdepremie, Forsikring, Einar Lie, Private pensjonsordninger, Overskridinger, Innst. S. nr. 247 (1964-65), Overskridingar, 1957, Finans- og tolldepartementet, Finansieringa av folketrygda, Torvald Moe, Finansieringa av alderspensjonen, 330, Minstepensjon, 1964, 1963, Levealder, Pensjonsfond, Korttidstrygd, Arbeidsgiveravgift, Sosialdepartementet, Norway’s social security system, Mortalitet, Blåmandag, Inflasjonsjustering, 1966, Folketrygdens endogene element, To-tredjedeler av lønnen til en industriarbeider, Olav Gjærevoll, 1967, Offentlige pensjonsordninger, SSB, Folketrygdens økonomi, 1971, 1970, 1973, 1972, Grunnbeløpet, Høyinntektsgrupper, Trygdeavgift, to-tredjedelers pensjon, Om regulering av grunnbeløpet i folketrygden, Sosialkomitéen, Egil Aarvik, Sonja Ludvigsen, Alderstrygden, Rikstrygdeverket, Jo Benkow, Aldersforsikring, Pay-as-you-go, Pensjonspoeng, Einar Gerhardsen, Langtidstrygd, Aldersbefolkning, NAV

| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |