
handle: 10852/45664
Tema Eg har møtt mange ulike barn som slit på mange ulike måtar, som ikkje mestar livet. Mange av desse barna slit med sosial kompetanse. Eg ville sjå om det går an å hjelpe desse barna på ein alternativ opplæringsarena. «Inn på tunet» er eit satsingsområde for regjeringa og eg har gode erfaringar med kontakt med dyr. Derfor ville eg sjå på om kontakt med dyr gjennom opplæring på gard, kan hjelpe barn med utvikling av sosiale ferdigheiter. Det første eg gjorde for å finne ut av dette var å sette meg inn i relevant teori om Garden som pedagogisk ressurs(GSPR), Inn på tunet, dyreterapi, sosial kompetanse, sosiale ferdigheiter og mestring. Sjølve undersøkinga gjorde eg på ein «Inn på tunet» gard, der eg intervjua barn som har utfordringar med sosial kompetanse, som er med på alternativ skuletilbod gjennom Garden som pedagogisk ressurs(GSPR). Eg har og intervjua bonden som dreiv tilbodet. Problemstilling: «Kan kontakt med dyr i opplæringa bidra til utvikling av sosiale ferdigheiter hos barn som har utfordringar med sosial kompetanse?» Forskingsspørsmål: Korleis opplever barn kontakt med dyr? Kan erfaringa av kontakta barn får med dyr overførast til menneskelege relasjonar? Kan felles opplevingar(med andre barn og vaksne) med dyra på garden bidra til utvikling av sosiale ferdigheiter? Metode Dette er ein kvalitativ studie der eg har intervjua barn som har førstehandskjennskap til fenomenet eg undersøker. Eg var på garden saman med dei ein dag for å bli litt kjent og få kjennskap til tilbodet, før eg intervjua dei. Eg har og intervjua bonden for å få eit litt anna perspektiv fram. Eg brukte semistrukturert intervju for å få informantane til å fortelje mest mogleg sjølv, samtidig som eg hadde spørsmål for å få fram informasjon om temaet eg ville belyse. Utvalet består av 4 barn og 1 vaksen. Eg brukte bandopptakar og transkriberte intervjua sjølv i etterkant. Så har eg analysert data mine og drøfta dei opp mot relevant litteratur. Resultat Alle barna eg har snakka med har positive opplevingar av å være saman med dyr, og bonden opplever kontakta mellom dyr og barn som naturleg og lett. Det er noko spesielt i kontakta/tilknytinga mellom menneske og dyr. Garden er ein fin arena for samarbeidslæring fordi der er dyr, fordi der kan være barn i ei lita gruppe og fordi der er mange konkrete oppgåver som roper på barna. Det er mykje ein kan lære av samspelet med dyr som kan overførast til samspel med menneske, som respekt, tillit og tydelig kommunikasjon. Eg har funne at barn kan lære sosiale ferdigheiter når dei er på gard, men det er vanskeleg å trekke ut berre ein enkelt faktor som grunn, det er eit samspel av fleire faktorar. Mestringsopplevingar er eit grunnlag for dette og då er rettleiing frå bonden gjennom tilrettelegging av oppgåver viktig. Det å være på garden i ei gruppe som ein kan øve samspel i, at ein har tillit til bonden, at ein får gjere praktiske oppgåver er og viktige faktorar. Men kontakta/tilknytinga til dyr er ein viktig del av det!
sosial, kompetanse, Inn, dyreeassistert, 610, grøn, intervensjonar, terapi, mestring, omsorg, sosiale, tunet, dyreassisterte, ferdigheiter, på
sosial, kompetanse, Inn, dyreeassistert, 610, grøn, intervensjonar, terapi, mestring, omsorg, sosiale, tunet, dyreassisterte, ferdigheiter, på
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
