
handle: 10037/20504 , 11250/2724961
Bakgrunn: Norsk psykomotorisk fysioterapi (NPMF) har blitt kritisert for manglande vitskapeleg dokumentasjon. Kritikken kan sjåast på bakgrunn av det evidensbaserte kunnskapsparadigmet. Grunnleggjar av fagtradisjonen, Aadel Bülow-Hansen, oppmoda til bruk av intuisjon og fantasi, som kan synast kvasivitskapeleg i det rådande kunnskapsparadigmet. Føremålet med denne studien er å belysa og drøfta det implisitte kropps- og kunnskapssynet i tradisjonen gjennom å sjå nærare på hennar praksis og fagmiljøet si vidareføring av den. Metode: Kvalitativ tilnærming med opne intervju av tre ulike nestorar som kommenterer eit og same filmopptak av Bülow-Hansen i klinisk pasientarbeid. Funn: Artikkelen presenterer funna i to tema: 1. Sansing og bevegelse i kommunikasjon og samhandling. 2. Klinisk kompetanse og resonnering. Informantane peika på eit tredimensjonalt syn på kroppen som biologi, erfarande og relasjonell, samt ein kunnskap som er kroppsleg og sanseleg fundamentert. Konklusjon: NPMF er tufta på eit kropps- og kunnskapssyn, der den kroppslege, sanselege kunnskapen er integrert med teoretisk og teknisk kunnskap. Såleis let ikkje denne kunnskapen underordna seg kriteria for det som blir sett på som den beste kunnskapen i EBP-systemet. Heller representerer tradisjonen ei kompleks kunnskapsog kroppsforståing, og speilar kompleksiteten og det særeigne ved lidingane kvar enkelt pasient treng hjelp med.
Source at https://fysioterapeuten.no/.
kroppssyn, VDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Physiotherapy: 807, Aadel Bülow-Hansen, kunnskapssyn, VDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Fysioterapi: 807, evidensbasert praksis, norsk psykomotorisk fysioterapi
kroppssyn, VDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Physiotherapy: 807, Aadel Bülow-Hansen, kunnskapssyn, VDP::Medisinske Fag: 700::Helsefag: 800::Fysioterapi: 807, evidensbasert praksis, norsk psykomotorisk fysioterapi
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
