
doi: 10.23865/cdf.275.ch4
Læreplanen og norskdidaktikken knyter oftast kritisk lesing til sakprosa, og kritisk lesing av skjønnlitterære tekstar er mindre vanleg. I læreplanen for Kunnskapsløftet (LK20) legg ein i det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap vekt på at individet både har rett og plikt til å delta i samfunnet, og at borgarar må bruke retten sin til politisk deltaking. I artikkelen vil eg gjere ein visuell kritisk analyse av tre oppslag frå den grafiske romanen La skogen leve! av Nora Dåsnes. I boka følgjer vi ei gruppe barn som engasjerer seg i ei sak som er viktig for dei, og kva barna gjer for å påverke avgjerdene i samfunnet dei er ein del av. Dette kjem ikkje berre fram gjennom ord, men også gjennom den visuelle framstillinga. Artikkelen vil vidare tematisere det didaktiske potensialet i ein visuell kritisk analyse om ein vil øve opp barn og unge si kritiske vurdering av invitasjonar til medborgarskap og demokratideltaking.
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
