
handle: 11250/3085756
Denne masteroppgåva undersøker lærarar på avdelingar for tilrettelagt opplæring sine opplevingar knytt til inkludering av elevar med moderat psykisk utviklingshemming i vidaregåande skule. Sentrale dokument som Salamanca-erklæringa og FN-konvensjonen om rettigheitene til menneske med nedsett funksjonsevne, beskriv ein intensjon om at alle menneske på lik linje skal vere inkluderte i skule og samfunn. Målet med avhandlinga er å finne døme på haldningar og praksis knytt til sosial og fagleg inkludering av elevar med psykisk utviklingshemming, og å skape ei bevisstgjering kring temaet. Kvalitativ metode vart nytta for å samle inn data. Forskinga baserer seg på fire semistrukturerte intervju med lærarar frå fire ulike landsdelar. Alle forskingsdeltakarane har erfaring med undervisning av elevar med moderat grad av psykisk utviklingshemming i spesialpedagogiske grupper. For å støtte utviklinga av tiltru til empirien, og unngå forhasta slutningar, vart stegvis-deduktiv induktiv metode teke i bruk (Tjora, 2021). Teori eg støttar meg til, er mellom anna Nilsen (2017) sine tre inkluderingsdimensjonar; den organisatoriske og fysiske, den sosiale og den faglege og kulturelle, og Gislason (2018) sin skulemiljømodell, som fokuserer på dei fire elementa fysiske rammer, organisering, pedagogisk kultur og elevdynamikk. Den relasjonelle modellen som er nytta i den internasjonale klassifikasjonen av funksjon, funksjonshemming og helse vert også presentert, med særleg vekt på deltaking. Funn i studien viser at lærarar på tilrettelagte avdelingar i vidaregåande skule opplever positive følger og moglegheiter knytt til inkludering, men også utfordringar. Alle elevar kan ha noko å lære av kvarandre, og inkludering kan føre til svært nyttig sosial trening for elevar med moderat psykisk utviklingshemming. Samarbeid på tvers av klassar og avdelingar må vere godt planlagt og gjennomtenkt for å oppnå ynska læringsutbytte for alle elevar. Positive haldningar til inkludering verkar å råde, men implementering av eit inkluderande læringsmiljø som prinsipp for skulen sin praksis, ser likevel ikkje ut til å gå knirkefritt. Lærarane trekk fram utfordringar knytt til mellom anna samarbeid og elevdynamikk.
Master i praktisk utdanningsvitenskap, Høgsktlen på Vestlandet, campus Bergen
MPUV550
utdanningsvitenskap, inkludering
utdanningsvitenskap, inkludering
| selected citations These citations are derived from selected sources. This is an alternative to the "Influence" indicator, which also reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | 0 | |
| popularity This indicator reflects the "current" impact/attention (the "hype") of an article in the research community at large, based on the underlying citation network. | Average | |
| influence This indicator reflects the overall/total impact of an article in the research community at large, based on the underlying citation network (diachronically). | Average | |
| impulse This indicator reflects the initial momentum of an article directly after its publication, based on the underlying citation network. | Average |
