Actions
  • shareshare
  • link
  • cite
  • add
add
auto_awesome_motion View all 2 versions
Publication . Report . 2021

Opplevingslandskap Kaupanger: Utviklingsplan for restaurering, skjøtsel og formidling av kulturlandskap ved Kaupanger stavkyrkje og Kaupanger Hovedgård

Hansen, Hanna Allesøe; Berstad, Åse-Birgitte; Auestad, Inger; Knagenhjelm, Christoffer;
Open Access   Norwegian Nynorsk; Nynorsk, Norwegian  
Published: 01 Jan 2021
Publisher: Høgskulen på Vestlandet
Country: Norway
Abstract
Restaureringa av kulturlandskapet i det freda kulturmiljøet på Kaupanger Hovedgård starta i 2008. Målet var å reetablere det opphavelege, opne landskapspreget som området hadde før Skogfrøverket etablerte granfrøplantasjar her i 1960-åra. Utviklingsplanen skildrar ei vidareutvikling av denne restaureringa av kulturlandskapet rundt Kaupanger stavkyrkje i det vi kallar «Opplevingslandskap Kaupanger». Planen tek utgangspunkt i eit levande jordbrukslandskap og foreslår tiltak som kan betre den økologiske tilstanden i kulturlandskapet, og styrkje leveområda til ville pollinerande insekt. Planen har ei heilskapleg tilnærming til kulturminne, kulturlandskap og berekraftig utvikling og presenterer ei rekkje tiltak som støttar biologisk mangfald. Målet er at Opplevingslandskap Kaupanger skal bli eit føregangsprosjekt for berekraftig kulturmiljøforvaltning, og at erfaringane herifrå kan overførast til andre, liknande område. Del 1 av utviklingsplanen er ei fagleg tilråding om korleis kulturlandskapet kan restaurerast og vidare skjøttast for å auke det biologiske mangfaldet. Det er skildra tiltak i artsrike slåttemarker, i produksjonslandskapet, og i landskapet som heilskap. Aktivitetane skal integrerast i ei aktiv og moderne landbruksdrift. Oversikt over kostnader knytt til restaurerings- og skjøtselstiltak er vist i eit vedlegg til utviklingsplanen. Dette kan reviderast ved behov. Del 2 av utviklingsplanen skildrar strategiar og moglege tiltak for formidling av verdiane i kulturlandskapet. Planen legg vekt på tiltak som fremjar læring og oppleving av både kulturhistorie, biologisk mangfald og praktisk restaurering og skjøtsel. Realisering av tiltaka i planen kviler på støtte frå og tett dialog med forvaltninga over tid. Dei første åra vil restaureringstiltak vere sentrale. Men for å oppretthalde og utvikle det levande, opne og artsrike kulturlandskapet over tid, krevst det langsiktig satsing på faste skjøtselsrutinar, med dei kostnadane det medfører. Støtte til utvikling av formidlingstiltak vil elles vere viktig for at eitt breitt publikum skal kunne ta ut meirverdien i Opplevingslandskap Kaupanger.
Subjects

biologiske kulturminne, biologisk mangfold, kulturlandskap, kulturmark, kulturmiljø, opplevingslandskap, opplevelseslandskap, restaurering, skjøtsel, slåttemark, ville pollinerende insekt