Hoftebrot og kognitiv svikt

Bachelor thesis Norwegian OPEN
Rørvik, Kim Andre (2016)
  • Subject: hoftebrot | kognitiv svikt | mobilisering

Bakgrunn for val av tema Etter å ha jobba ekstravakter som sjukepleiarstudent på ortopedisk avdeling har eg erfart at veldig mange eldre blir innlagt på sengeposten etter at dei har pådratt seg eit hoftebrot. Eg har observert at det til tider kan bli veldig komplisert sidan ein del pasientar har redusert kognitiv funksjon og ikkje klarer å ta til seg informasjon eller instruksjonar som blir gitt. Problemstilling Korleis mobilisere pasientar med hoftebrot og kognitiv svikt? Framgangsmåte Eg har brukt litteraturstudie som metode, basert på fagleg og forskingsbasert kunnskap. Har søkt etter litteratur i databasane ORIA, Academic Search Elite, Cinahl og MEDLINE. Oppsummering Målet etter ein hoftebrot operasjon er at pasienten skal få tilbake den funksjonen han eller ho hadde før brotet, så langt det er mogleg. For å få til dette er mobilisering eit veldig viktig tiltak. Mange pasientar med hoftebrot har kognitiv svikt, dette kan gjere mobiliseringa utfordrande. Fallførebygging er eit viktig tema. Rehabilitering av pasientar med hoftebrot og kognitiv svikt skjer på sjukeheim, dette på grunn av at det er lite ressursar ute i kommunen. I drøftinga har eg fokus på mobilisering av pasientar med hoftebrot og kognitiv svikt. Eg skriv om postoperativt forlaup frå 1. postoperative dag fram til pasienten er utskrivingsklar frå sjukehuset.
Share - Bookmark